tirsdag 30. juni 2009

Bilder frå ein herlig sommerdag!

...som tilfeldigvis også er min bursdag (så er det sagt ;-) )
Her er eg - bursdagsbarnet - med strandveska pakka...

Photoes from a beautiful summerday - which happens to be my birthday ;-)
This is me, with my beach-bag packed...
Vi er så heldige at vi bor i gåavstand frå denne flotte stranda (men vi kjørte likevel..)

Lucky us, living so near this beach that we can walk to it from our house (But we drowe...).Mine kjære sønner :-)

My dear boys :-)Vi koste oss med ein "bedre?" lunsj, med brus - sidan det var bursdagsfeiring.

We had a very nice picnic!Sunt og godt...

Healthy and tasty.... Gutane bada og koste seg. Mamma tok bilder og solte seg...

The boys had a good time swimming. Mum took photos and enjoyed the sun...
Hopp! Jump!
Dei sei det kjem fleire slike dager!
They say there are more warm days to come!

Tur til ERKNE

Når man har gått til innkjøp av båt, må man bruke den litt også. Laurdag gjekk vi ombord, og hadde med oss dyner, puter, badeklede og mat...Det var deilig og varmt.Vi satte kursen utover havet, mot Erkne! Denne øya ser vi frå kjøkkenvinduet hos mamma og pappa. Eg har berre vore på land der ein gong før - i 1998. Mamma og pappa hadde vore ute i "Italia" og fiska - det er utanfor Erkne. Så vi møttes der ute i havet.
Dei hadde fått bra med fisk. Og ein kjempe til slutt!Vi la til ved ei bøye, og dei kom ombord til oss. Vi kokte nyfiska torsk i byssa. Åt fisk og drakk kaffi. Heiv gummibåten på sjøen. Eg og Mr.6år rodde inn til land.
Etterpå tok min kjære med seg begge gutane. Dei gjekk heilt opp til fyret på toppen av øya.Vi vart vitner til eit nytt fenomen! Måsane har begynt å flyge i V !!!!!
Så for mamma og pappa inn til Vigra, medan vi satte kursen nordover mot Finnøya!

onsdag 24. juni 2009

Jonsok

Dei aller fleste Jonsok aftener har eg feira her på Sagabu (Det Kristne ungdomslaget si hytte - der det er ungdomskvelder kvar laurdag frå mai til september).
Vi åt knakande god rømmegraut! Mr.4 1/2år åt ein heil stor porsjon! Han elsker graut!Og vi åt is....Ute var det leiker for barna. Vêret vart kjempeflott!!!!
Bålet vart tent etter at programmet inne (sang og andakt) var ferdig. Seinare på kvelden, etter at gutane var lagt, gjekk eg opp på "fjellet" (det er langt frå stort og høgt, men vi kaller det fjellet likevel....) for å ta bilde av sola. Solnedgangen var nok vakker i går, men eg kunne ikkje vere oppe og vente på den, dessverre.Til slutt eit bildet av den flotte badestranda "vår". På fine dager er det fullt av folk og biler her. Håper vi får mange dager her i sommer!

tirsdag 23. juni 2009

Fingermat...

Tortilla lefser med: Krydderost, spekeskinke og ruccola salat. Rull sammen, stikk i tannpirkere (uten smak), del opp og enjoy! Laga også nokre med: krydderost, vanlig påleggs skinke, isbergssalat og paprika.

fredag 19. juni 2009

Tiiiiillll ANGREP!!!

Denne haugen med klede har fått ro og fred i lengre tid. Den har vokse litt og litt, jamnt og trutt... I går måtte eg rett og slett gå til angrep på den!Væpna med dampstrykejern og arbeidslyst!
No er her berre ein liten, uskyldig haug igjen... som eg er redd vil begynne å vekse den òg - om den får fred og ro for lenge.....Min kjære (som er glad i kjeks...), kom heim med denne tomme kjeksposen ein dag. Den gav han til meg... Kvifor? Jau, fordi den har oppskrifta på kjeksa på seg...
I dag prøvde eg den ut, med litt hjelp av Mr.6år. Og dei var - nam, nam - gode! Til slutt - med ønske om ei god helg til dykk alle - eit bilde av forfatteren ;-)

onsdag 17. juni 2009

Blå Himmel!, "monster" og kort....

Herleg å gå ut i dag og sjå opp på ein knall blå himmel!
Ved frokosten i dag dukka dette monsteret opp - frå kvitosten!
Hjelp!!!
Heldigvis vart det oppete ;-)

For nokre dagar sidan var Mr.6år i bursdagsselskap.
Han laga kortet som han gav:
..med litt innblanding frå mamma, da....
Bilteikning må vere med...

søndag 14. juni 2009

Glimt fra i dag

Seil vart heiste.... Av gårde vi reiste....
Til ei lita vakker øy Der barna kunne ha det gøy....
Vi grilla og åt....
Før vi reiste heim i vår båt.... Håper de også har hatt ein flott søndag :-)

fredag 12. juni 2009

Sjell samling og Nitando DS

Mr.4 1/2år har samla med seg sjell på fjøreturane våre. Det vart ei bra samling, så vi måtte finne på ein måte å dekorere med dei på. Eit stort glassfat vart tingen. No ser det ryddig ut, og vart dekorativt og sjella kom til "heder og ære" ;-) I går vart det kjøpt inn 2 stk. Nitendo DS'er. Gutane har spart penger ei god stund no. Har vore flinke til å gjere små jobber mot små pengesummer som dei har putta i lommebøkene sine. Avtalen var i utgangspunktet av dei skulle spare halvparten sjølv, men det vart ikkje heilt slik. Tenkte det er greit å ha noko dei kan holde på med dersom det blir lange dager på sjøen i sommer...
Begge valgte Super Mario spel - to forskjellige. Dei er poppulære for tida.
Mykje lyd når dei sit ved sidan av kvarandre i sofaen og speler. Trur vi må kjøpe høretelefoner også....