tirsdag 31. mai 2011

gutte kort og jente kort

(the card for the "Stamavie and more" challenge is futher down...)

Enda eit kort med desse stilige motiva - ridder og borg.
Har farga med ProMarkers.
Eit enkelt bursdagskort - lager ofte litt enkle kort, som ikkje er fulle i dill-dall.
Sjølv om eg liker kort med masse dill-dall, ...men eg er ikkje så god på å lage slike sjølv...
Med dette kortet blir eg med på Sukkersött si utfordring :
# 126 - vis oss din stilEi enkel innside:Kort og pakke klar.Så jente kortet, som var til ei nydelig niese.
Vil vere med i Stampavie and more si utfordring med dette kortet:
#143 - Pink

torsdag 26. mai 2011

Kort og mat....

Mitt første kjolekort. Festa på strikketøy og saks, fordi mottakeren har strikkedilla for tida ;-) Guttekort, til ein klassekompis i første...

Motiv frå ein bilkalender, bokstavar, knapp og caps og stjerne charms...

Her er stjerne-charm'en rett vei...



Laga smoothy med frosne rips, banan, yoghurt og eple juice - det var godt. Sidan ikkje alle i huset fekk vere med på 17.mai feiringa i år, og heller ikkje fekk kjøpt kake, så baka eg ei ekstra kake litt seinare. Ritz-kjeks og valnøtter i bunnen, saman med eggekviter og sukker. Oppå er det krem og kiwi og jordbær. Enkelt og godt.

søndag 22. mai 2011

pyramidekort, og vanlig kort...

Det er første gong eg har laga pyramidekort. Det var kjekt! Laga to konfirmantkort, og gjøymde pengegåva inne i pyramiden.
Her er den andre pyramiden før den vart pynta litt.



Eit par blomar, og knappar, og litt charms... Bursdagskort til ei god venninne. Ho liker slike duse farger. Motivet er farga med ProMarkers.



tirsdag 17. mai 2011

Baby's første 17,mai

Med god utsikt frå storebror sitt klasserom i andre etasje, fekk Miriam sjå 17 mai toget for første gong.
Ho var pynta i ny kjole strikka av mormor, og med ekte perlesmykke! Vi fekk ein flott dag.
Sidan vêrmeldingane var dårlig, vart eg og barna, og nokre til enige om å snakke litt med Han som rår over vêret. Vi fortalte Gud at vi ønska oss "godt og lagla vêr", og det gav Han oss også!

mandag 9. mai 2011

Bleiekake og babys første møte med gras...

Vi var så heldige å få eit nytt søskenbarn til barna våre :-)
Særlig kjekt fordi det var ei jente, som vi håper blir god venninne med babyjenta vår.
Ei av svigerinnene mine og eg "bakte" denne bleie kaka til dei stolte foreldra.
Det var ei kjekk kake å bake! Sokke-skoa er strikka av mor mi!

Eit flott navn har jenta fått!

Vi nyter herlige vår/sommer dagen no.

Miriam fekk ligge på plenen for første gong.

Ho var fasinert over gras og tusenfryd.

fredag 6. mai 2011

Baby Miriam si første tegning. Og en "antikvitet?"

Miriam (7 mnd) sat på fanget mitt og såg på gutane som gjorde lekser.
Vi kom på at ho kunne få prøve å tegne...
Ho fekk ein blyant i handa, og eit ark på bordet framfor seg.
Dette likte ho tydelegvis :-)Det virka som om ho syntes det var gøy.
Er det ikkje eit ansikt på bildet?

Er det nokon der ute som har sett ein slik før?

Fann den på ein bruktbutikk.

Kanskje det er ein suvenir frå Egypt...?

torsdag 5. mai 2011

candy...

Candy hos Creative Paper cards. Sjekk her....
Du kan vinne dette flotte stempelet.
Frist er 10.mai...

onsdag 4. mai 2011

kort

Med dette kortet vil eg vere med på Scrappekameret si utfordring; "Alt er tillatt".
Dette kortet vart laga til ein nydeleg liten babygut, som er 3.barnet til eit vennepar av oss.
Motiver er frå Mo's Digital Pencil Shop og er farga med ProMarkers.
Charms er tåteflaske og sag - sag pga at pappa'en til babyen er snikker. Så det blir nok litt verktøy på sonen også med åra... Samme motivet på baksida - farga med grått...

Fram- og baksida på samme bilde :-)